Hopp til innhold

Tilsette stel for 5 milliardar

I år står utru tenarar for nesten 40 prosent av det totale svinnet i handelsstanden. Og problemet er aukande.

Butikktyverier
Foto: Ida Brabrand / NRK

Vektarselskapet Securitas registrerer no ein auke i talet på tilsette som stappar store verdiar i eiga lomme frå si eiga bedrift.

- Dei tilsette har ikkje lenger det eigarforholdet til jobben som dei hadde tidlegare, seier avdelingssjef Rune Andersen i kontrollavdelinga til Securitas.

Gode tider for dei uærlege

Og dei tilsette stel som ravnar. I år tek dei med seg pengar eller varer tilsvarande 5 milliardar kroner syner tal frå Securitas. Og det er ikkje spesielt vanskeleg for dei som vil vera uærlege.

- Eg kan på ein enkel måte ta med meg ein vare frå butikken ut på kontoret og legge den i veska utan at nokon vil oppdage det, seier butikktilsett Lise Marie Råheim Olsen i Mekk på Sletten senter i Bergen.

Råheim Olsen er likevel ei ærleg sjel som ikkje stel frå sjefen sin. Men sjølv om tala viser at fleire og fleire gjer det, vel dagleg leiar Halvard Vaage å stola på sine tilsette.

- Når du tilsett folk vel du jo ut dei du trur er ærlege og som du kan stole på, seier han.

- Må ta problemet på alvor

Det er nok ikkje alltid like lett å plukke ut det råtne eplet i arbeidstokken, seier Rune Andersen i Securitas.

Han meiner handelsstanden må ta dette på alvor og betre rutinane sine. Viss ikkje kan det gå svært lang tid før tjuveria vert avdekka.

- Vi har vært borti saker der tilsette i løpet av nokre år har stole verdiar for opptil ein million kroner, seier Andersen.