Hopp til innhold

Syklist til sjukehus etter kollisjon med bil

Ein syklist har kollidert med ein bil på Nattlandsvegen i Bergen.

ulukke Nattlandsveien

KOLLISJON: Ein syklist og ein bilførar har kollidert på Nattland i Bergen. Syklisten er sendt til Haukeland sjukehus med smerter i ein arm.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Syklisten skal vere skadd, og vert no frakta med ambulanse til Haukeland sjukehus.

Politiet fekk melding om ulukka 12.27.

– Syklisten har smerter i ryggen og har komme i ambulanse 12.45. Han blir no køyrt til Haukeland, seier operasjonsleiar Preben Vallestad.

Vegen er rydda

Førar av bilen skal vere ein mann i 20-åra.

Syklisten kom i eit sykkelfelt, og bilen kom ut frå ein sideveg til Nattlandsveien.

Politiet jobbar framleis på staden. Det har vore ein del trafikale problem i området, men 12.40 melde patruljane på staden om at vegen er rydda.

Laster Twitter-innhold