NRK Meny
Normal

– Ranet er grovt og svært brutalt

Politiet jaktar gjerningsmann etter at ein Statoil-stasjon i Bergen vart rana med pistol i natt. Den tilsette vart teipa fast til ein stol på pauserommet under ranet.

Åsane

SAMLAR BEVIS: Seint i føremiddag var politiet på Statoil-stasjonen for å gjennomføra krimtekniske undersøkingar.

Foto: METTE ANTHUN / NRK

Ein Statoil-stasjon i Hesthaugveien i Åsane i Bergen vart rana like etter klokka 03.00 natt til torsdag.

Ranaren var maskert med finlandshette og væpna med pistol.

Politiet leitar no etter den mistenkte, som var iført grå joggebukse, og ei stor grøn eller brun vinterjakke med hette.

– Teipa fast på pauserommet

Stasjonen er no stengt inntil vidare. Klokka 06.00 er det fleire politipatruljar på staden.

– Vi har ikkje funne gjerningspersonen og leitar med fleire patruljar. Så langt me veit har vedkommande stukke av til fots, men vi ser heller ikkje vekk frå at han har hatt ein bil i nærleiken, operasjonsleiar Lars Geitle.

Han fortel at den tilsette på bensinstasjonen ikkje fekk sett i kva retning pistolranaren stakk av.

– Den tilsette vart teipa fast på pauserommet, og har ikkje hatt moglegheit til å sjå kvar ranaren stakk. Eg kjenner vidare ikkje detaljane kring dette, men han skal ha kome seg laus og fått varsla om ranet, seier Geitle.

Politiet fekk melding via vaktselskap om pistolranet.

Ran Statoilstasjon Åsane

SPERRA AV: Bensinstasjonen vart sperra av etter ranet klokka 03.00 i natt. Gjerningsmannen er framleis på frifot.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

– Me ser veldig alvorleg på alle ran, og særleg grove ran som dette, seier politioverbetjent Geir Kristiansen ved Bergen nord politistasjon.

Han seier dei vil bruka mykje ressursar på å etterforska saka.

– Ranet er svært brutalt utført med ein pistol, og måten han oppførte seg på og ting han har sagt meiner me er veldig grovt, fortel Kristiansen.

– Fysisk uskadd

Ein hundepatrulje deltek også i leitinga. Politiet har også sett gjennom materiale frå overvakingskamera, der det tydeleg kjem fram at gjerningspersonen nyttar ein pistol for å truge til seg eit ukjent pengebeløp.

Men politiet har ingen mistenkte førebels. Det vert gjennomført ytterlegare tekniske undersøkingar no.

Erik Midtrød eig Statoil-stasjonen i Hesthaugveien. Han fortel at den tilsette er fysisk uskadd etter hendinga.

– Det går etter forholda bra og vi tek vare på vedkommande. Dette er ein vanskeleg situasjon for den tilsette og for oss, seier Midtrød.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.