Hopp til innhold

Lars Vaular teaterdebuterer i stykke om terror

Verken Lars Vaular eller Game of Thrones-skodespelar Dar Salim vil fyrst vere med på DNS-oppsetjinga av «Pearl of Scandinavia». Men når stykket neste veke har har premiere på DNS i Bergen er dei begge med.

Verken rapparen Lars Vaular eller Game-of-thrones-skodespelar Dar Salim ville vere med i et nytt teaterstykke om terror. Neste veke har stykket likevel verdspremiere i Bergen. Og begge to blei med.

VAULAR TEATERDEBUTERER: Lars Vaular har skrive musikken til teaterstykket «Pearl of Scandinavia» som har premiere på DNS i Bergen 22. mai.

Pearl of Scandinavia, eit nytt teaterstykke om terror på danskebåten har premiere på DNS i Bergen 22. mai.

Bergens-rapparen Lars Vaular og Game of Thrones-skodespelar Dar Salim fekk tidleg førespurnad om å delta i oppsetjinga. Men begge sa fyrst nei.

Når stykket som er ein samproduksjon mellom Festspillene i Bergen, Kompani Camping og Den Nationale Scene har verdspremiere neste veke, er det med både Vaular og Salim på laget.

Teaterdebut for Lars Vaular

For fyrste gong har Vaular skrive musikk for teater. Og helst hadde han takka nei. Å synge om dette temaet er ikkje enkelt, meiner han.

– Det handlar om å tore å meine noko. Som innbyggjar i Noreg, den moralske supermakta, så skal du seie det riktige heile tida. Aldri seie noko feil, seier Vaular.

Teaterdebutanten meiner arbeidet med stykket har gjort ham til ein meir modig musikar.

– Ofte kjem det noko bra ut av det at ein gjer ting ein ikkje kan.

NRK Radio - Radiodokumentaren: Å høre til. Et portrett av Lars Vaular - 01.06.2013

Får ofte spørsmål om å spele terrorist

I stykket «Pearl of Scandinavia» vert tre forskjellige historier om terror fortalt. På scenen står ein justisminister, ein sikkerhetsvakt og ein terrorist.

Dei tre skodespelarane på scena Pål Rønning, Hege Aga Edelsteen og Dar Salim skifter roller undervegs i førestillinga og byter på å spille terrorist og offer.

Game of Thrones-skodespelar Dar Salim har ofte blitt spurt om å spele terrorist. Til no har han sagt nei, men med DNS-stykket var det annleis.

– Det interesserer meg ikkje å spele terrorist. Som skodespelar er det så lett å bli sett i bås. Men dette manuset var så bra. Det er veldig interessant at dei same menneska byter karakter tre gonger, seier Salim.

Pearl of Scandinavia

TERROR SOM TEMA: «Etter 22. juli-angrepet i 2011 sa statsministeren at vi skulle skape mer åpenhet og mer demokrati i samfunnet. Pearl of Scandinavia undersøker menneskers mulighet for å leve opp til denne visjonen. Forestillingen stiller spørsmål om vi egentlig har forandret oss.» heiter det i programteksten frå Festspillene i Bergen.

Foto: DNS