Tatt i 103 km/t i 70-sone

Ein sjåfør blei tatt i 103 kilometer i timen då utrykkingspolitiet hadde laserkontroll på E39 ved Eikangervåg i ettermiddag. Fartsgrensa på staden er 70 kilometer i timen. Totalt fekk 10 sjåførar forenkla førelegg av politiet.