Hopp til innhold

Tap for Løv-Ham

Moss vart for sterke mot Løv-Ham i dag.

Trond Amundsen
Foto: Eirik Førde , Digitalsport / Eirik Førde, Digitalsport

Trass i at Løv-Ham hadde heimebane vart Moss for sterke i kveldens kamp. Dei tapte 1-3.

Fyrste målet kom etter 26 minutt. Då skåra Kenneth Kvalheim for Moss. Kvalheim fekk nettkjenning igjen 5 minutt seinare, dermed leda Moss med to mål.

Like etter klarte Løv-Ham å redusere, Mads Cato Moldskred skåra og det stod 1-2 etter 35 minutt.

Ikkje lenge etter sette Moss spikeren i kista, Kenneth Kvalheim fekk hat-trick og Løv-Ham tapte 1-3. Bergenslaget ligg no på 9.plass på tabellen.