Hopp til innhold

Taleregistratoren kan lesast

Havarikommisjonen har no tilgang på samtalen mellom pilotane på ulykkesflyet på Stord.

 

Havarikommisjonen i arbeid på Stord
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Fire menneske omkom då eit fly frå Atlantic Airways sklei av rullebana på Stord. Det blir no jobba intenst for å finna årsaka til ulykka. Dei to svarte boksane, ferdskrivaren og taleregistratoren er viktige kjelder.

Har høyrt pilot-samtalen

 Informasjonen på taleregistratoren frå ulykkesflyet på Stord har blitt spelt av for Havarikommisjonen.

Der har dei klart å få fram kva pilotane sa til kvarandre då flyet landa, seier undersøkingsleiar Birger Bull til NRK;

- Informasjonen er i fin kvalitet, og samanfallande med dei kjeldene me hadde frå før.

Usikkert om info frå ferdskrivar

Det er framleis uklart om det er tilgjengelig informasjon på ferdsskrivaren. Ferdsskriveren bli no undersøkt ved den britiske havarikommisjonen i Farnborough i England.  

Ferdsskriver frå flyet vart så mykje smelta av brannen som herja flyvraket at det fortsatt er uvisst hvor mykje data som kan bli redda. Ifølgje havarikommisjonen blir det mykje klipp og lim for å setja saman data frå ferdsskriveren.