Hopp til innhold

Ta ein tur gjennom den nye tunnelen

I dag opna den heilt nye Folkedalstunnelen i Granvin.

Granvin

VIDEO: Bli med gjennom den nye Folkedalstunnelen Foto: Tale Hauso

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Frode Lykkebø, meiner tunnelen ikkje står klar ein dag for tidleg.

– Det er ei letting at tunnelen endeleg står ferdig. Med dei store nedbørsmengdene som har vore dei siste dagane hadde det vore kjekt å fått opna tunnelen før det kjem eit nytt ras.

– Kan komma nytt ras

Medan anleggsarbeidet har pågått har det gått to stygge ras på utsida av tunnelen.

– Desse rasa førte med seg vegstenging. Statistisk sett så kjem det snart eit nytt ras, då var det på høg tid at tunnelen kom no, seier Lykkebø.

Vegen på utsida er smal og trong med dårleg rekkverk.

– Vegen er no 100 prosent rassikra, sidan det er bygga ein tunnel på den mest rasutsette delen av vegen.

Opning av Folkedalstunnelen i Granvin

VIDEO: Sjå video av opninga av Folkedalstunnelen.

Open for alle

– Det vil bli ein mykje betre køyreveg. Særskilt for dei som pendlar mellom Folkedal og Granvin. Og dei som køyrer fylkesvegen mellom aust og vest

Vegen er også opna for syklande og gåande.

– Det er utruleg bra at alle no får ein trygg ferdselsveg.

Frode Lykkebø

PÅ HØG TID: Prosjektleiar i Statens vegvesen, Frode Lykkebø fryktar at eit nytt ras er rett rundt hjørnet. Difor er opninga av den nye tunnelen gjennom det mest rasutsette området svært kjærkomen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fylkesveg 7 er også ein omkøyringsveg når det er stengt på E 16 mellom Voss og Bergen.

Klokka 11.30 vart tunnelen offisielt opna med talar, helsingar og snorklipp.

folkedalstunnelen
Foto: Statens vegvesen