Hopp til innhold

Svolten bille trugar Bryggen

Skadedyret mit borer djupe hol og gjer det historiske treverket porøst. Dei små billene likar seg i verdsarven i Bergen.

Video Mit et opp verdsarv

LITA BILLE – STOR TRUGSEL: Ei lita bille et hol i Bergens største turistattraksjon. No ligg ein av byggningane frå Bryggen på lager.

Borebille

BORER SEG FRAM: Treverket blir porrøst når borebilla er på ferde.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK
Bellgården 7D på lager

PÅ LAGER: Heile Bellgården 7D ligg demontert på et lager klar for å bli varma opp til 55 grader.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Det manglar ein bit i verdsarvpuslespelet av fargerike hus på Bryggen i Bergen. Der Bellgården 7D brukte å stå er det no eit plasttelt.

– Det stod veldig skakt og var faktisk på veg til å velte, seier Iver Schonhowd, seksjonssjef hjå Riksantikvaren.

Et opp verdsarven

Råte og skadedyret mit, eller borebille, heldt på å ta knekken på heile bygget. Miten borer djupe hol og gjer treverket porøst.

– Der var det ekstremt mykje mit. Det lå på alle golv og bjelkar, fortel huseigar Knut Skurtveit.

Ser nærmare etter er det små mithol i dei fleste husa på Bryggen. Problemet er omfattande, men førebels er det berre eit hus som kan bli mitfritt.

Gjev borebillene varmesjokk

Det er sjeldan Riksantikvaren gjev løyve til å demontere freda bygg. No ligg dette bygget i delar inne i ein fabrikkhall i Lindås. Her skal Bjørn Systad og tømrarkollegaane hans restaurere det bit for bit, før det blir sett opp att på Bryggen.

Skal dei fylgje Riksantikvaren sitt regelverk må det skje utan bruk av gift, gass eller andre kjemikaliar. Sidan dette huset er demontert, opnar det seg ei ny moglegheit.

Her kan tømmeret varmebehandlast så skadedyra døyr.

– No skal dette varmast opp til 55 gradar og då skal det ta knekken på miten, seier Systad.

Blir kanskje meir liberale

For å få demontera andre byggningar på Bryggen må dei ha tillating frå Riksantikvaren.

– Det kan jo hende vi blir meir liberale i forhald til å demontera. Det er mange ting som spelar inn og det er nye forhald kvar gong vi byrjar på eit nytt hus, forklarar Schohowd.

Uansett utfall for dei andre byggningane på Bryggen er Bellgården 7D tilbake der det høyrer heime om minst eitt års tid.

– Ein kan ikkje unngå å bli glad i dette huset, sier Knut Skurtveit.