Hopp til innhold

Svartebørssal til Brann-RBK i gang

Svartebørssalet til Brann-Rosenborg er i full gang. Bataljonen og Tore Larsen har alt stoppa sal frå sitt nettforum.

Nestleiar i brannbataljonen ser at svartebørssalget har starta
Foto: Kristian Ervik / NRK

I går avviste Sportsklubben Brann at dette kom til å bli eit problem , sjølv om enkelte fekk kjøpa heile 25 billettar.

- Det er desverre lite me kan gjera med dette, seier Kristian Jæger, marknadsjef i Brann.

Har aldri hatt noko tak

Men Brann har aldri hatt noko tak for kor mange billettar kvar enkelt får kjøpt til kampane.

- Me har aldri hatt noko grense for kor mange billettar kvar enkelt får kjøpa, seier Jæger til NRK Hordaland. I går stod hundrevis av bergensarar i kø for å sikra seg billettar, men dei fleste måtte gå skuffa heim, etter at mange fekk kjøpt over 20 billettar.

Har stansa sal på Brann-forum

Også supporterklubben Brann Bataljonen har allereie stansa svartebørssal på sitt eige nettforum.

- Vi har kasta ut dei som har lagt ut billetter for sal på forumet vårt, og om dei er medlemmar av Bataljonen vil dei også verte suspendert, seier Tore Larsen, som er nestleiar i Bataljonen.

På auksjonsida QXL går no billettane for rundt 1300 kroner. Også på FINN.no vert det seld billettar til den varsla seriefinalen til høgstbydande.

- Det er fryktelig leit at dette skjer, seier Tore Larsen.