NRK Meny
Normal

– No må noko drastisk skje i Brann

Brann-supporterane seier klubben er i ein prekær situasjon. Men supportersjefen vil ikkje krevja Rikard Norling sin avgang.

Roger Lillebøe-Hansen

VIL IKKJE KREVJA TRENAR-AVGANG: – Styret må konkludera i morgon, men vi har gitt beskjed om at situasjonen er prekær og at drastiske tiltak må til, seier supportersjef Roger Lillebøe-Hansen i Bataljonen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Vi ventar til styret har konkludert i morgon, seier sjef Roger Lillebøe-Hansen i Brann sin supporterklubb Bataljonen.

Trenar Rikard Norling sa til eit samla pressekorps på Flesland i dag at mykje tyder på at han er ferdig i klubben.

Er du overraska over at Norling går så langt i dag?

– Norling er ein fornuftig mann som eg har stor respekt for. Også han kan lesa skriften på veggen. Eg antek at han har hatt dialog med sine sjefar og at det er på det grunnlaget han uttaler seg, svarar supportersjefen.

Har nådd botnpunktet

Norling

TRUR HAN ER FERDIG: Rikard Norling trur sjølv han er ferdig som trenar i Brann.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport.no

Etter ti kampar ligg Brann på niande plass i førstedivisjon med berre 14 poeng. Det byrjar å bli eit stykke opp til laga som kjempar om opprykk. Supporterane krev drastiske tiltak, men vil ikkje gå nærare på kva det betyr.

– Situasjonen er prekær og det melde vi til styret allereie i går. Eg håpar tapet mot Levanger var botnpunktet og klubben gjer drastiske tiltak som snur situasjonen.

– Noko må skje

– Men finst det andre tiltak som kan hjelpa, anna enn å sparka trenaren?

– Vi meiner styret må gjennomføre ein grundig analyse av situasjonen i klubben, og deretter gjere tiltak for å betre den. Om det betyr at Norling seier opp sjølv, blir sparka eller at ti spelarar blir sparka, for å setje det på spissen, det skal vera usagt.

– Poenget er at noko no må skje, avsluttar Lillebøe-Hansen.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo