Hopp til innhold

Styrka av skandalen

Skipsverftsnæringa har kome styrka ut av konkursskandalen med Carl Fredrik Seim for fire år sidan.

Skipsverft lærlinger
Foto: Leif Gunnar Vik / NRK

Det hevdar leiinga i Bergen Mekaniske Verksted. 

Sjokknyheita

No går det føre ei omfattande rekruttering av nye verftsarbeidarar.

Til våren vil det være like mange tilsette på skipsverfta i Bergen som før Mjellem og Karlsen vart slegne konkurs.

Tonen var annleis for nesten akkurat fire år siden.

20. august 2002 kom nyheita som kom som eit sjokk på politikarar, næringslivet og verftsarbeidarar i Bergen: Alle dei 411 tilsette måtte gå.

Positive grep

Nye eigarar tok over og i dag, snart fem år etter, vert det bygd skip som aldri før i Bergen. Konkursen gjorde det mogleg med ei omstilling til meir effektiv drift.

Til våren er det igjen over fire hundre verftsarbeidarar i Bergen, seier avdelingsleiar ved Bergen Mekaniske Verksted, Trygve Aarland.

- I løpet av neste år vil vi med omsyn til timeomsetjinga på kaiene våre vere oppe i ganske det same som det var i Mjellem og Karlsen si tid.

Aarland trur det er kome mykje godt ut av konkursprosessen.

- Eg trur det dei fleste vil vere samde med meg om at vi fekk vi gjort ein del grep og endringar som var positive. I dag er det mange fleire menneske som vert involverte i mange fleire prosesser i verftet.