NRK Meny

Stort sett roleg i natt

Politiet har hatt litt å gjera natt til fredag. På Torgallmenningen vart ein mann utsett for vald, men slapp frå det utan fysiske skader. Saka blir ikkje meld. Seinare melde ei kvinne frå om at ho var blitt sparka av ein mann, men forklaringane deira til politiet var svært sprikande. I Skostredet vart ein mann vist bort frå ein utestad etter å ha oppført seg trugande.