Utsleppet var mange gonger så stort som dei samla årlege kvikksølvutsleppa frå resten av norsk industri. Økokrim, som no etterforskar saka, ser svært alvorleg på utsleppet, seier førstestatsadvokat Rune B. Hansen.
Større enn samla utslepp
Det samla kvikksølvutsleppet frå industrien i Noreg til sjø og vassdrag er i eit såkalla normalår 12 til 15 kilo. Utsleppet frå Norzink, som ein reknar med pågjekk i 80 til 90 døger, kan visa seg å vera på mellom 50 og 100 kilo kvikksølv, altså det mangedobbelte av samla utslepp i landet.
Norzink i Odda.
Politimeldt
Forskarar ved NIVA, Norsk Institutt for Vannforskning, seier det er vanskeleg å rekna ut nøyaktige mengder. Utsleppet vart stansa 25 februar i fjor, men ein reknar med at det føregjekk kvikksølvutsig til Sørfjorden fram til juli månad.
Viktig å finne ut
Norzink i Odda meiner det er svært viktig at etterforskinga av kvikksølvutsleppet avslørar kva som verkeleg har hendt. NIVA trur at Norzink kan ha sleppt ut mellom 50 og 100 kilo kvikksølv i Sørfjorden i fjor, medan selskapet sjølv meiner utsleppet er mindre. Administrerende direktør ved Norzink, Stein A. Ytterdahl, seier dei no avventar etterforskinga.