Stramme rosa singletar og sjokoladefarga herretruser. Det er noko av det den spanske designaren Carlos Duarte trur vil gjera Janus store i Europa.
- Det er veldig uvant. Me har vore opptekne av å laga behageleg undertøy, ikkje å gjera det sexy, seier viseadministrerande direktør i Janus, Janne Vangen Solheim.
Duarte har tidlegare designa klede for det eksklusive merket Louis Vuitton. No har han designa ein ny kolleksjon for den 114 år gamle Janus-fabrikken på Espeland i Bergen
Fornying er alt
- Me må gjera folk lukkelege. Kleda må gjerast meir sexy, seier Duarte.
Janus vil med slike klede vera i stand til å konkurrera med sjølvaste Calvin Klein i Europa, meiner Duarte. For fyrste gong i den 114-år gamle Janus-historia, skal fabrikken satsa på utanlandsk design. Målet er å nå nye marknadar i Europa.
- Kvalitet og design er viktige faktorar i utlandet. Janus har ikkje ein slik posisjon i Europa. Difor er meiningane til Duarte viktige, seier marknadsdirektør Arne Fonneland.
Duarte har endåtil designa ei hold-in stringtruse for Janus. Den nye kolleksjonen skal presenterast under Oslo Fashion Week i august.
Ullundertøy til Spania
Janus er den einaste fabrikken av sitt slag igjen i Noreg. Dei vil framleis halda fast på dei tradisjonelle produkta sine, og vonar også å spreia dei i Europa. Spanske brannfolk ynskjer mellom anna å nytta flammesikkert ullundertøy frå Noreg på jobb.
- Det me selde mest av for fem år sidan har me ikkje i dag, og det me sel mest av i dag har me ikkje om fem år. Sjølv om merket er gamalt må me fornya oss for å møta krava hjå kundane i dag, seier Fonneland.
Janus-fabrikken har i dag om lag 100 tilsette.