Hopp til innhold

Stenger pasienthotellet i kveld

69 kreftpasientar vert ramma.

Streikevakter utenfor pasienthotellet i Bergen

Pasienthotellet på Haukeland Sjukehus stengjer fredag kveld grunna sjukepleiarstreiken.

Foto: Helene Vassbotten Olsen / NRK

Sjukepleiarstreiken fører til at pasienthotellet ved Haukeland Sjukehus i Bergen vert stengt og pasientane må reise heim frå klokka 22.00 fredag kveld.

Les òg: - Streikeviljen er stor

Les òg: Sykehjem rammes av streik

Les òg: Tar ut flere sykepleiere i streik

Rammar kreftpasientar

Den største gruppa på pasienthotellet kjem frå kreftavdelinga på Haukeland Sjukehus, og 69 kreftpasientar blir ramma av stenginga. Dei vil dermed ikkje få tilbod som strålebehandling, cellegiftkurer og liknande, og må reise heim eller overførast. Pasientane er busette over heile Noreg.

- Pasienthotellet må stengje fordi vi har fått avslag på dispensasjonssøknader fra Norsk Sykepleierforbund (NSF), hevdar Petter Furulund, adm. dir. i NHO Service. NSF ville gje såkalla delvis dispensasjon for to sjukepleiarar. Det er ikkje til å leve med.

- Unødvendig

Forbundsleiar i Norsk Sjukepleiarforbund, Lisbeth Nordmann, seier det er innvigla nok dispensasjonssøknader til å dekkje dei sjukepleiarrelaterte oppgåvene.

- Me har for heile helga innvilga dispensasjonar slik at dei sjukepleiarfaglege oppgåvene vert ivaretekne. Det vil ikkje NHO Service akseptere. Kvifor dei har valt å stengje må NHO svare for, seier Nordmann.

- Me veit ikkje kva me skal gjere

- Førebels veit me ikkje kva me kan gjere for pasientane som vert ramma. Me jobbar intenst for å finne ei løysing, seier kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen, Mona Høgli.

Pasienthotellet er den største sengeavdelinga på Haukeland Sjukehus. No freistar Helse Bergen å finne sjukehusplassar til dei som må ha det, medan vanlege hotell vert nytta som ei løysing til pasientar som det er medisinsk forsvarleg for.

- Det er heilt klart at dette er ein alvorleg situasjon for både oss og pasientane, seier Høgli.

Kva konsekvensar fryktar du at det kan få?

- Det kan i verste fall gå utover liv og helse.

Kor lenge kan de halde ut ein slik situasjon?

- Me får inn ein del pasientar på søndag og måndag, så det er ikkje tvil om at dette er ei stor utfordring. Dette kan ikkje pågå over tid, seier Høgli.

- Stenginga er uforsvarleg

- Me vurderer stenginga av pasienthotellet på Haukeland Sjukehus som uforsvarleg. Dette vil gå ut over mange pasientar, det kan få alvorlege konsekvensar, og då særleg for kreftpasientane, seier assisterande fylkeslege i Hordaland, Signe Tørresen Gajek.

Vurderinga gjort av fylkeslegen er sendt vidare til Statens Helsetilsyn, og det er dei som har ansvaret for vidare oppfølging av saka.