Hopp til innhold

Steinblokker traff hus på Bømlo

Store steinblokker raste ned på eit hus på Bømlo. Heldigvis kom ingen til skade.

Steinblokk Bømlo
Foto: Politiet

Politiet melder på Twitter at store steinblokker har rast inn i eit hus i Hillesdalen ved Urangsvåg på Bømlo.

– Ingen har kome til skade, og det ser ikkje ut til at steinane har ført til store materielle skadar heller, seier operasjonsleiar Andrè Skram Hansen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til NRK.

Det var ein person som bur i huset som melde frå til politiet klokka 09.44.

Høyrte eit brak

Steinras Bømlo

RAS: Store steinblokker raste ned på eit hus på Bømlo.

Foto: Politiet

– Vedkomande hadde høyrt eit brak i 5-6-tida i natt, seier Skram Hansen.

Han varsla politiet då han seinare oppdaga dei store steinane som låg inn mot husveggen.

Han hadde først oppfatta lyden som noko heilt anna.

– Eg trudde det hadde vore eit stort toresmell, seier bebuaren til lokalavisa Bømlo-Nytt.

Like før klokka 11 melder politiet at det ikkje er fare for fleire ras.

– Kommunen vil sjå nærare på dette på mandag, opplyser politiet.

Laster Twitter-innhold