Hopp til innhold

Stakk frå kontroll

Ein bilførar stakk av frå ein politikontroll i Sandviken i natt. Politibetjentane prøvde å stogge bilisten i Kirkegaten i Sandviken, men då gav sjåføren gass. Bilen vart seinare funne tom i Absalon Beyers gate, og politiet har taua bilen for å undersøka den.