Hopp til innhold

Stakk av og fekk bank

Politiet på Sotra fekk problem seint i går kveld då dei ville stoppe ein bil for kontroll på Straume. Føraren og passasjerane stakk av, men etter søk med hundepatrulje fann dei att ein av rømlingane, kraftig forslått. – Han har truleg fått bank av dei andre i bilen. Det kan vere snakk om eit oppgjer, fortel operasjonsleiar Hans-Eirik Thue. Seinare fann politiet to mistenkte, begge menn i 20-åra. Den skadde, truleg ein kamerat av dei to, er send til Haukeland for behandling med ukjent skadeomfang.