Hopp til innhold

Sparebanken Vest kuttar i talet på bankfilialar

Sparebanken Vest vil i løpet året legga ned ti bankfilialar. – Dette vil gå ut over lojaliteten blant folk, meiner ordførar.

Sparebanken Vest sitt nye bygg i Jonsvollkvartalet

BYGGER OPP OG NED: Samstundes som Sparebanken Vest jobbar med å bygga nytt hovudkontor i Jonsvollkvartalet i Bergen legg banken ned ti bankfilialar.

Foto: Sparebanken Vest/CUBUS AS

– Det vil nok vera triste nyheiter i ein del lokalsamfunn, men eg trur folk vil forstå at endringane er verdifulle for å sikra ein framleis sterk bank, seier direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar i Sparebanken Vest Siren Sundland.

I alt 10 av dei 64 bankfilialane til selskapet vil forsvinna. Hovudårsaka er at brukarane i mindre og mindre grad oppsøkjer skranken i banken. Manuelle transaksjonar over disk i banken sine filialar er redusert med heile 42 prosent på berre to år.

– Vi ser at kundane i veldig stor grad ønskjer å møta banken digitalt. Då er det dei digitale flatene me må bruka pengar på å utvikla, seier Sundland.

Sparebanken Vest i Øvre Årdal

VERT LAGT NED: Bankfilialen i Øvre Årdal er ein av dei ti filialane Sparebanken Vest no legg ned.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Følgjande bankfilialar skal leggjast ned i løpet av 2013:

  • Bergen: Nesttun.
  • Nordhordland: Lindås, Masfjorden, Fedje i Nordhordland.
  • Hardanger: Granvin, Utne, Strandebarm og Røldal.
  • Sogn og Fjordane: Høyanger og Årdal.

Skal kutta 60 årsverk

Nedlegginga av filialane er ein del av ein større spareprosess i banken. Tidlegare har banken kunngjort at dei må redusera arbeidsstokken med 60 medarbeidarar.

– Men det er ingen automatikk i at dei som jobbar med desse bankfilialane vert overtalige. Det er ein del av ei større vurdering, seier Sundland.

– Negativt for bygda

Ingebjørg Winjum

– IKKJE POSITIVT: Ordførar Ingebjørg Winjum trur fleire vil venda sparbanken ryggen når bankfilialen i Granvin forsvinn.

Foto: Sølev Rydland / NRK

– Det er jo negativt for bygda å mista banken, det er det ikkje tvil om, seier Granvin-ordførar Ingebjørg Winjum.

Granvin er eit av fire bygdesamfunn som mister banken. Ordføraren har allereie merka seg at mange føler mindre tilknyting til banken, etter kvart som opningsdagane har vorte færre.

– Det er ikkje uventa, men det er jo klart at folk føler mindre lojalitet til banken, i alle fall no når han vert heilt borte, seier ordføraren.

Den siste tida har banken i Granvin vore open to dagar i veka.

– Kundane vil forstå

Sparebanken Vest har vore og er ein viktig aktør på Vestlandet. Kvar fjerde vestlending har eit kundeforhold til banken. Sundland trur ikkje at nedlegginga av bankfilialane vil få kundane til å skifta bank.

– Dei fleste forstår nok bakgrunnen for endringane me gjer, men for ein del har det nok vore ein viss symbolverdi å ha bankkontor i bygda, seier Sundland.

For fleire av filialane må vedtaket opp i representantskapet i sparbanken før det endelege nedleggingsvedtaket skjer.