Sovande mann på sofa blei redda ut

Brannmannskap tok seg inn og fann ein mann som låg og sov i Moldbakken i Sandviken i 2-tida natt til onsdag. Alarmen hadde gått på grunn av tørrkoking. – Ein mann i 30-åra fekk tilsyn av helsepersonell, men trengte ikkje ytterlegare legehjelp. Leilegheita blei lufta ut og mannen kunne bli verande, seier Knut Dahl-Michelsen i politiet.