Hopp til innhold

Sørstokken sliter etter ulukka

Drifta ved Stord lufthamn Sørstokken er ned på eit minimumsnivå etter flyulukka for to månader sidan. 

Trafikken på flyplassen er kraftig redusert etter flyulukka som kosta fire menneske livet 10. oktober.

Sidan ulukka er det berre Coast som har brukt flyplassen fast, skriv Haugesunds Avis.

Åtte personar, fire i brannvesenet og fire på trafikkavviklinga, er allereise permitterte; i tillegg er det fleire som har slutta.

- Vi jobbar heile tida for å få meir aktivitet, mellom anna charterruter frå utlandet med arbeidarar til Aker Kværner Stord når arbeidet på H6e-riggane startar, seier dagleg leiar ved Stord lufthamn, Jan Morten Myklebust, til avisa.