Hopp til innhold

Songen som starta samarbeidet

At bømlingen Heine Totland innleia eit til no 16 år langt samarbeid med Gisle Børge Styve, handla om éin song som tilfeldigvis dukka opp i eit TV-program.

Heine Totland og Gisle Børge Styve møttes i eit TV-program for nøyaktig 16 år sidan. Sidan har dei halde saman.

THE ROAD IS LONG...: Heine Totland og Gisle Børge Styve i radiostudio hos NRK Hordaland fredag ettermiddag.

Frå onsdag til lørdag står Totland og Styve på Lille Ole Bull i Bergen, med showet sitt «Musikk e komme for å bli».

I ettermiddag gjesta dei Hordaland i dag på P1, der dei fortalde om kva som starta det heile. Der tek dei oss med tilbake til 1999, og innspelinga av programmet «Beat for Beat». Plutseleg gjorde dei låta «He Ain't Heavy, He's My Brother» saman.

Dermed var det gjort.

Her kan du sjå og høyre dei to framføre samme låt for 16 år sidan: