Hopp til innhold

Sondre Lerche er klar for å roa ned

Han avsluttar to år med turne med si største framsyning nokon sinne. Det skjer sjølvsagt i Bergen. Etterpå gjev Sondre Lerche seg sjølv reiseforbod.

– De to siste årene kjennes som en sammenhengende omreisende festival for meg med albumet Please. Nå skal jeg prøve å sove i samme seng så lenge som mulig, sier Sondre Lerche.

FESTIVAL-LIV: – Dei to siste åra har kjennast ut som ein samanhengane omreisande festival for meg med albumet Please.

– No skal eg prøve og sove i same seng så lenge som mogeleg, seier Sondre Lerche.

– Dei to siste åra kjennest som ein samanhengande omreisande festival for meg med albumet Please.

«Festivallivet» har gjort at Lerche no er klar for å roa ned ein periode.

– No blir det ferie heime i Brooklyn, eller eit klønete forsøk på kvardagsliv, fortel han.

Han var gjest i NRK Hordaland si morgonsending fredag saman med bergensartisten Miss Tati.

P3.no Musikk » Nå står endelig Miss Tati fremst

Spesiell konsertoppleving

Dei to opptrer på Den elleville festen på Verftet i Bergen laurdag kveld. Lerche skal opptre med framsyninga «Performance Please».

– Vi avsluttar heile Please-syklusen, dei siste to åra med førebuingar, gjennomføring, verdsturné, TV-framsyningar og oppturar med den største framsyninga eg nokon sinne har laga. I Bergen sjølvsagt, seier han.

– I framsyninga skjer det mykje rart heile tida. Vi har jobba vanvitig mykje med den i sommar. Den er ei oppsummering av karriera mi så langt. Samtidig markerer framsyninga byrjinga på eit nytt kapittel i livet mitt som konsertartist, fortel Lerche.

Høyr heile intervjuet her:

Miss Tati og Sondre Lerche

MYKJE SKRYT: Miss Tati og Sondre Lerche rosa kvarandre opp i skyene i studio under NRKs morgonsending.

Foto: MARTHE NJÅSTAD / NRK

Nervøs

Han har blant anna framført førestillinga på Øya-festivalen i sommar. Han var svært nervøs før han skulle på scena, og var letta over at det blei ein suksess.

– Eg trur ikkje eg har vore så nervøs sidan eg spelte på Café Opera som 13-åring. No har eg laga noko der eg verkeleg prøver å kommunisera og underhalde. Fallhøgda blir mykje større enn når ein berre pluggar i gitaren og står åleine på scena, seier han.

– Den perfekte staden å avslutte

Lerche gler seg til å avslutte med den største framsyninga han nokon sinne har gjort.

– Den elleville festen på Verftet er den perfekte staden å avslutta heile runden som eg har hatt dei siste to åra.