Hopp til innhold

Droppa russefeiring, knuste maraton-rekord

Sondre Øvre-Helland (18) slo den gamle rekorden ned i støvlane då han kom i mål på 2.36.7 under Bergen City Marathon.

Vinnaren av Bergen City Marathon Sondre Øvre-Helland

KNUSTE MOTSTANDARANE: Sondre Øvre-Helland sprang i mål i einsam majestet då Bergen City Marathon gjekk av stabelen for tredje gong laurdag. Foto/redigering: Dag Harald Kvammen Andersen

Sondre Øvre-Helland

KNUSTE REKORDEN: Sondre Øvre-Helland (18) sprang i mål på rekordtid under maratonløpet i Bergen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Ungguten, som er russ i år, sette ny rekord heile 11 minuttar under regjerande rekord då det tredje Bergen CIty Marathon laurdag gjekk av stabelen.

– Eg hadde ein j..lig god dag i dag, seier ein tungpusta vinnar rett etter han har passert målstreken.

Øvre-Helland er eit talent som har utmerka seg i fleire løp i år. I fjor blei han fjerdemann over målstreken under maraton i heimbyen.

– Ingenting er betre russefeiring enn dette

Dermed smakte sigeren idag ekstra godt. Og sjølv om russetida står for døra, har det blitt lite tid til festing i det siste, fortalde den slitne vinnaren då han hadde passert mål.

– Men dette er skikkeleg russefeiring. Ingenting er betre feiring enn dette, smiler Øvre-Helland.

Som la til at det blir ein aldri så liten russefest også.

– No skal eg først heim og kvila. Så blir det ein fest med russekameratane, ja!

Rekordpåmelding

Arrangementssjef Halvdan Haukeland i Bergen City Marathon var særs nøgd med at det er fleire påmelde enn nokon gong før til laurdagens løp.

– Vi har store forventningar! Byen skal fyllast med glade mosjonistar, og vi satsar på at dette blir den folkefesten vi ønskjer oss, sa han før start.