Hopp til innhold

Snøtrøbbel for hotella langs Rallarvegen

Erfarne fjellfolk meiner ein må 60 år tilbake i tid for å finne like mykje snø på vestsida av Hardangervidda i august. Men mykje snø har gitt færre hotellovernattingar.

Rallarvegen ved Finse i slutten av juli 2015

SNØ: Det er veldige snømengder i fjellet denne sommaren, noko som har gitt sykkelturistane ei utfordring på Rallarvegen vest på Hardangervidda. Dette bilete er teke for to veker sidan.

Foto: Finse 1222

Midt på dagen i går stod utleigesyklane på rekke og rad utanfor høgfjellshotellet Finse 1222. Store snømengder gjer at Simon Seim og resten av reiselivsnæringa på høgfjellet framleis må venta på sommarinnrykket.

– Aktiviteten her på sykkelbutikken har vore mykje lågare i år enn den var i fjor, seier Seim til NRK medan han klargjer ein sykkel for utlån.

Dei veldige snømengdene i fjellet har skapt fare for både vår- og sommarflaum. Men det har også hatt sitt å seia for fjellturismen.

Titals år sidan det var like mykje snø

Dagleg leiar Maren Skjelde ved Finse 2022

Dagleg leiar Maren Skjelde ved høgfjellshotellet Finse 1222 har håp om at sykkeltrafikken tek seg opp utover sommaren.

Foto: Sølve Rydland / NRK

I går fortalde NRK at Den Norske Turistforening opplever svikt i overnattingstala på sine hytter denne sommaren. Skilnaden mellom aust og vest i Sør-Norge er markant.

Til NRK seier erfarne fjellfolk at ein må 40 til 60 år tilbake i tid for å finna like mykje snø vest på Hardangervidda i august.

– Dei som har vore her lenge seier det ikkje har vore så mykje på førti år, seier dagleg leiar Maren Skjelde ved Finse 1222.

Og akkurat som DNT opplever høgfjellshotella at den kvite sommaren viser igjen på besøkstala. Og det er sykkelturistane som uteblir.

Snø langs rallarvegen

KVIT SOMMAR: Det manglar ikkje på snø langs Rallarvegen vest på Hardangervidda. Dette bildet er frå tidleg i juli og syner utfordringane sykkelturistane har hatt i sommar. Denne snøfonna er no vekke.

Foto: Finse 1222

Færre overnattingar

– Me har merka det med mindre gjester. Vi har hatt 1000 gjester i juli i år, noko som er kring 500 færre enn i fjor, forklarer Skjelde.

Også på Vatnahalsen høgfjellshotell – ikkje langt frå Myrdal – har dagleg leiar Janett Aksnes opplevd ein markant nedgang i talet på norske sykkelturistar.

– Spesielt har det vore veldig lite med barnefamiliar, som plar å sykle på denne tida av året. Eg har drive her oppe dei siste 17 åra og har sikkert budd her dobbelt så lenge. Vi har aldri vore borti at snøen har lagt så lenge.

Forskjellen mellom sommaren 2014 og 2015 kunne knapt vore større – i fjor var det rekordtal og reine drøymeforhold i fjellet.

Har leigd ut personalet

Sykkelutleiga ved Finse 1222

Det er ein del ledige syklar til utleige på Finse. Snømengdene gjer at sykkelturistane har uteblitt til no i sommar.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Men utanlandske turistar har sørga for at både Finse 1222 og Vatnahalsen har greie overnattingstal. Likevel har sistnemnde måtta leiga ut tilsette til andre bedrifter – fordi det har vore få syklistar.

– I alle fall for juli, så får vi håpe at august blir slik at vi treng «alle mann alle», seier Aksnes.

Når NRK er innom kjem det ei og anna pulje med sykkelturistar innom hotellet på Finse – men dei må framleis ta sykkelen med på toget mellom Finse og Hallingskeid. Skjelde har likevel eit håp om at sykkelsesongen skal ta seg opp.

– Både august, september og for så vidt oktober er kjempeflotte månadar på fjellet. Så eg er ikkje uroa for at det ikkje skal bli betre, avsluttar Skjelde.