I år feirer artisten bak låtar som ”Livin Doll”, ”Summer Holiday” og ”Mistletoe and Wine” 70 år, 50 av dei som artist. Trass sin modne alder, held han seg uforskamma godt. Kroppen er veltrena, huda er mistenkeleg glatt og si siste plate gav han ut i fjor haust.
Dei kalla han ”for sexy for tv” då han fekk sin fyrste hit i 1958.
Seinare vart Cliff Richard kristen, byrja eit liv i sølibat og vart svigermors draum. Han har toppa hitlister i fem tiår på rad, men i dag utgjer middelaldrande damer storparten av fanskaren hans.
Om ein har vakse opp på 80- og 90-talet er det pinleg å innrømme at ein elskar han.
Ut av skapet
For den 29 år gamle journalisten Rebecca Nedregotten Strand er det likevel på tide å kome ut av skapet. Sir Cliff er på sin siste verdsturne med musikarane i legendariske the Shadows, bandet han starta karrieren sin saman med. Rebecca som kun har digga Cliff i smug, innser at det er no eller aldri.
I dokumentaren ”Mi affære med Cliff Richard” som blir vist på NRK1, fyrste pinsedag kl.19.35, freistar ho å kome til botns i fenomenet Cliff Richard. Ho samlar mot til å stå fram som fan.
Ho møter mannen som aldri har svikta han, Rune Larsen. Livet hans vart forandra for alltid då han fekk si fyrste Cliff-plate. Det var då han bestemte seg for å bli artist. Kjærleiken er framleis sterk og den har han formidla vidare til barnebarnet sitt, 14 år gamle Rebekka Larsen.
Sidan ho var lita har ho hatt sin egen Cliff Richard-låt på bestefar si jukeboks. Når ”A Girl like you” strøymer ut av platespelaren syng fjortisen med av full hals.
Cliff-hysteri i Bergen
I sitt forsøk på å forstå kor stor Cliff Richard ein gong var, gjenskaper Rebecca Nedregotten Strand, Rune Larsen og artistkollega Helge Nilsen, tidenes rockehysteri i Bergen. 22. august 1961 spelte Cliff og the Shadows på Møhlenpris stadion.
Stjernene rakk berre nokre få songar, før fansen gjekk amok.
Dei som ikkje hadde billett braut seg gjennom sperringane og storma stadion. Cliff og the Shadows vart så redde at dei rømte av scena. I garderoben stod Helge Nilsen og hadde orkesterplass til spetakkelet. Han var nemleg Bergen sitt stjernealibi.
Utanfor porten stod Rune Larsen, 12 år gamal og forskremt. Han hadde ikkje billett. Då bråket byrja rømte han sin veg, men då Cliff kom attende til Bergen i 1968 var både Rune og Helge Nilsen med i det gode selskap. Dei var oppvarmingsband for helten sin.
”Popens Peter Pan”
På 50- og 60 – talet var det hysteri og jubel som fylgte i Cliff Richard sine fotspor. I dag er han ein artist som mange elskar å hate. For Rebecca Nedregotten Strand, som ikkje ein gong var påtenkt i Cliff si glansperiode, er det vanskeleg å rettferdiggjere kvifor ho diggar han.
Mange reagerer med latter og hån når ho seier at ho likar musikken hans.
I Storbritannia har Cliff Richard sin musikk blitt boikotta av fleire store radiokanalar. I 1999 gav han ut julesingelen ”Millenium Prayer”, teksten til”Fader Vår” kombinert med melodien til ”Auld Long Syne”. Den nekta til og med BBC Radio 2 å spele, likevel gjekk den til topps på hitlistene.
Britisk presse har gjeve han tittelen ”Peter Pan of Pop” og harselert med at han held seg uforskamma godt trass sin høge alder. Dei har også spekulert i om han har lik i skapet, bak den plettfrie ungkarsfasaden han har tviholdt på gjennom store delar av karrieren sin. Cliff Richard har aldri vore gift. Han har heller aldri røyka eller brukt dop.
Mot til å stå fram?
I møte med dei som elskar Cliff Richard og dei som elskar å hate han, freistar Rebecca Nedregotten Strand å kome til botns i mysteriet Cliff.
Ho møter dei som har vore fans sidan 50-talet, ho vitjar heimlandet hans der motstridande kjensler rår og ho går på det som truleg er tidenes siste konsert med Cliff og the Shadows i Noreg.
Det er ei reise i musikk, historie, kjærleik og hat, men vil ho få mot til å stå fram?
Har du eit bilete av Cliff Richard på scena på Møhlenpris?
Dokumentaren ”Mi affære med Cliff Richard” blir vist på NRK1, fyrste pinsedag kl.19.35