Hopp til innhold

Småbåtar kappkøyrer med ferja: – Farleg og respektlaust, seier Fjord1

Ferja som går frå ferjekaia på Halhjem i Os tutar heile vegen ut for å jage småbåtar. Fjord1 trur ferske båtførarar ikkje veit kor farleg det kan vere å kome for nær ei ferje i fart.

Småbåt

BEKYMRA: Driftssjef på ferja, Oscar Bergheim, blir redd for ulukker når småbåtane køyrer nær ferja.

Foto: Privat

Kanskje har du opplevd det sjølv, og lurt på kvifor ferja som går mellom Halhjem og Sandvikvåg i Hordaland tutar når den køyrer ut frå kaia.

Dei prøver og varsle småbåtar i området om å ikkje kome for nær. Men ikkje alle tek varselet like alvorleg.

Fryktar ulukke

– Nokre synest også det er kjekt å kappkøyre med ferjene, og kjem for nær. Det er ikkje trygt, seier Bergheim.

Bergheim meiner enkelte båtførar manglar respekt og kunnskap for kva risiko dei utset seg for ved å kome nær eit stort fartøy i fart.

– Desse ferjene er store og det er store krefter i sving. Vi har hatt episodar folk har vore ute å leika seg i båtane, og ikkje hatt den respekten for dei store ferjene som går der, fortel Bergheim.

Må tute når ferja går frå kai

Like ved ferjekaia på Halhjem ligg dei ei småbåthamn som er mykje brukt. Difor er det spesielt for ferjene og leggje til og reise der i frå.

– Mannskapet ombord er veldig obs på dette. Vi har hatt fokus på det, og heldigvis har unngått ulukker.

Men driftssjefen og mannskapet ombord er bekymra når båtane kjem for nær, og ber dei halde avstand.

– Ferjene har forkøyrsrett som nyttefartøy, så folk må halde avstand, seier Bergheim.

– Kor stor avstand bør du ha for at det skal vere trygt?

– Det er smalt der inne og det er ikkje alltid du kan ha så stor avstand, men det er ingen grunn til å kome nærare enn naudsynt, avslutta Bergeim.