Hopp til innhold

21 personar vart evakuert frå heimane sine

Ein tank med inntil 25 tonn gass byrja å leka i Etne. Faren blei avblåst, men så blei det funne ein ny lekkasje, som gjorde at sentrum måtte evakuerast på nytt.

barna evakuerer

EVAKUERER: Barna ved Enge skule måtte evakuere to gonger i dag. I tillegg måtte ein vidaregåande skule og ein barnehage evakuere i dag.

Foto: TORSTEIN NYMOEN/GRANNAR

SISTE KL. 18: Politiet melder at tømming av tanken går som planlagt, og at situasjonen er under kontroll. Evakuering opphører.

Tidleg onsdag morgon tok det til å brenne i eit sikringsskap inne på Tongane industriområde i Etne. Like ved låg ein gasstank, og det blei difor slått full alarm.

Situasjonen vart raskt avklart, men nokre timar seinare blei det oppdaga ein lekkasje i gasstanken som rommar inntil 25 tonn propangass.

– Det er ein mindre lekkasje, men vi greidde ikkje å stogge den. Difor har vi evakuert heile industriområdet og tre skular, i tilfelle at dette skal auke på, sa politistasjonssjef i Haugesund, Edgar Mannes.

Laster Twitter-innhold

Ny lekkasje

Klokka 13.17 vert det oppdaga ein ny lekkasje i gasstanken.

– Vi har sett i verk ny evakuering med 400 meter radius. Alle naudetatar er på staden, fortalde operasjonsleiar Oddvar Olsen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Ein gassbil skal no tømma tanken heilt for gass. Det er eitt arbeid som vil ta rundt to timar ifølge Olsen.

Dette arbeidet gjekk føre seg heile ettermiddagen.

Ein kombinert ungdoms- og barneskule, ein vidaregåande skule og ein barnehage vart evakuert, i tillegg til industriområdet, då dei første meldingane om lekkasje kom. Klokka 14.00 blei skulane stengt for dagen, og alle elevane blei sendt heim bortsett frå dei som hadde heimen sin nærare industriområdet.

Arbeidstilsynet undersøker

– Faren er om dette tek fyr og vi får ein eksplosjon. Denne gassen har lukt og det er ingen fare for at ein skal kunne puste det inn utan å vere klar over det, seier Mannes.

Både det elektriske anlegget som byrja å brenne og gasstanken høyrer til NCC Roads avdeling Asfalt som ligg i Etne. Tanken blir nytta i produksjonen av asfalt. Dei tilsette veit ikkje korleis lekkasjen oppstod.

Tongane

TONGANE: Det er NCC Asfalt på Etne som eig gasstanken. Bedrifta hadde berre eit fåtal tilsette på jobb i dag, og veit ikkje kva som har var årsak til brannen i elektroanlegget og gasslekkasjen.

Foto: TORSTEIN NYMOEN/ GRANNAR

– Vi hjelper til med det vi kan, seier kommunikasjonssjef Tor Heimdahl i NCC.

Dei veit ikkje om brannen var årsak til lekkasjen. Politi og Arbeidstilsynet vil undersøke ulukka, noko bedrifta sjølv ynskjer.

– Dette er ei trist hending og vi er glade for at heile området er evakuert slik at det ikkje er fare for liv og helse. Det er det viktigaste. Så vil jo vi og gjerne vite korleis dette hende, og vi er positive til at Arbeidstilsynet kjem på bana, seier Heimdahl.

Evakuering etter gasslekkasje i Etne

EVAKUERING: Politiet tar ingen sjansar fordi dei så langt ikkje har greidd å stogge gasslekkasjen. No er heile området evakuert.

Foto: Torstein Nymoen / Grannar

Barneskulen vart evakuert to gonger

Enge skule i Etne er kombinert barne- og ungdomsskule. Skulen ligg akkurat 400 meter frå Tongane industriområde.

– Vi er ein stor skule med SFO. Evakueringa gjekk veldig raskt og det var imponerande av ungane, dei gjekk roleg og fint, seier rektor Morten Odeen.

Elevane gjekk til ein eldre skule i nærleiken. Dei fekk så beskjed om at dei kunne gå attende til skulen sin, men så kom kontrabeskjeden: Skule vart evakuert på ny like etter.

– Nokre av elevane er sjølvsagt urolege og syns dette var skummelt, fordi dei veit ikkje kva dette inneber eller kva som skjer. Vi har forsøkt å fortelje dei at dette berre er ei ekstra tryggleik, som vi gjer for å vere trygge.

gasslekkasje etne