Hopp til innhold

Slurvar med å sikre barna i bil

Over hundre bilførarar blei meldt til politiet for å ha barna i bilen utan bilbelte då Statens vegvesen denne veka kontrollerte norske bilistar. – Dette er overraskande høge tal, seier Vegvesenet.

Barn i bilsete

MANGE SIKRAR FEIL: 133 bilførarar blei meldt til politiet for å køyra med usikra barn i bilen, då Statens vegvesen sjekka tusenvis av bilar denne veka. Dette biletet er eit illustrasjonsfoto der barnet sit trygt, og har ingenting med saka gjera.

Foto: Colourbox

Totalt blei 133 personar meldt til politiet for å køyre med usikra barn i bilen denne veka, etter at Statens vegvesen måndag og tysdag kontrollerte tusenvis av bilførarar.

Heile 83 av dei som blei meldt til politiet, blei tekne på Vestlandet.

Trafikktryggleiksrådgivar i Statens vegvesen, Torbjørn Thiem, er overraska og skuffa over at så mange slurvar med å sikra barna.

– Det er veldig triste tal å få. I fjor då vi hadde tilsvarande kontrollar tok vi berre to som hadde barna heilt usikra, altså utan bilbelte, så vi er veldig overraska over at det var så mange som 83 i år.

Verst på korte turar

På landsbasis blei totalt 133 bilførarar tekne med barn utan bilbelte. Det er ulovleg, og fører både til gebyr og politimelding.

Usikker på korleis du bør sikre ditt barn i bil? Sjå video frå Trygg Trafikk her!

Ifølgje Thiem er det spesielt på korte turar at foreldre slurvar med tryggleiken.

Barnesikring i bil

FEIL RETNING VANLEGASTE FEIL: Ifølgje Trygg Trafikk bør barnet ditt vera vendt bakover, motsett av køyreretninga, fram til fireårsalderen. Det er det svært mange foreldre som likevel ikkje gjer.

Foto: Sophie Aaserud

– Folk flest er flinke på langtur, men til butikken eller på veg til barnehagen er det fleire som er slepphendte.

Kva trur du er årsaka?

– Eg håpar jo at det er mangel på kunnskap, og at dei ikkje gjer det med vilje. Vi har jo etter kvart ein god del forsking på barn i bil, og denne forskinga viser at barn som er sikra er langt tryggare i ulykker. Dei fleste barn som døyr i trafikken, er ikkje sikra riktig.

Mange sikrar feil

Totalt blei over fem tusen bilar kontrollerte, og generelt er norske bilistar flinke til å bruke belte.

Likevel køyrde altså over hundre med barn i bilen utan belte på. I tillegg er mange for lite flinke til å tilpassa selen slik at den sit riktig.

Thiem trur mange som har bilbelte på ungane, gjer feil utan at dei veit det sjølv.

– Den aller vanlegaste feilen er at dei ikkje etterstramar beltet når barnet har sett seg inn, og sjekkar at det ligg tett over hoftene og skuldrene. Deretter er det mange som snur barna framover for tidleg.

Norske styremakter anbefaler å ha barnet bakovervendt i bilen fram til det er fire år gamalt.

Du kan lese meir om korleis du kan sikre barnet ditt i bil på Trygg Trafikk sine heimesider.