Hopp til innhold

– Person blør frå ansiktet etter slåstkamp

Politi og ambulanse rykka ut til ei adresse i Straumeveien i Bergen, etter melding om slåsting.

slåssing straume

– Det er litt uavklart kva som har skjedd, men meldinga går ut på at nokon har byrja ein slåstkamp på ei privat adresse, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet til NRK.

Ein person skal blø frå ansiktet. Meldinga kom inn til politiet klokka 08.40.

– Vi har sendt ambulanse og tre bilar oppover.

To personar involvert

Klokka 09.10 har politiet fått meir oversikt. Det var tre personar på staden, og to av dei var involvert i slåsting.

– Ein person er arrestert på staden og blir med oss til politistasjonen. Mannen som blødde frå ansiktet blir tatt med til legevakt, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.