Hopp til innhold

Slik var 17. mai-feiringa i Hordaland

Sjå lesarane våre sine bilete av korleis dei feira årets nasjonaldag.

17. mai i Herand i Hardanger

HARDANGER: Her er delar av årets 17. mai tog i Herand i Hardanger.

Foto: NRK

17. mai i Osterøy

FJELLTUR: I Osterøy kommune blei 17. mai feira også på toppen av fjellet Hikletten.

Foto: hiha 1504

Sola kikka fram dei fleste stadane i fylket på 17. mai, og la til rette for ei flott feiring av nasjonaldagen i Hordaland.

Mange har delt bilete med NRK Hordaland som viser korleis feiringa deira har vore, og her er alle desse bileta samla.

Du kan senda inn dine bilete ved å merka dei med #NRK Hordaland og/eller #vestlandsrevyen på sosiale medier.

Fin dag å vera politimann på

Årets 17. mai-feiring har gått veldig fint føre seg i Sunnhordland synest politiet, og Haugaland og Sunnhordland politidistrikt meldte i 15-tida i ettermiddag på Twitter at dagen i dag har vore ein flott dag å vera politimann på.

Dei hadde då så lang ikkje fått melding om nokon alvorlege hendingar på nasjonaldagen, og kunne melda om at folk er i godt humør.

Flagget til topps på Løvfallstrand på 17. mai

FLAGGAR: Aud Karin Løvfall på Løvfallstrand i Kvinnherad kommune var blant dei mange som flagga på 17. mai.

Foto: Aud Karin Løvfalll

Politiet i Hordaland politidistrikt har heller ikkje meldt om alvorlge hendingar så langt på nasjonaldagen.

Flygelkonsert på Finse

I Bergen var det tradisjonen tru mange som møtte opp for å sjå på hovudprosesjonen, og statsminister Erna Solberg var blant dei som gjekk i prosesjonen i år.

LES OGSÅ: Statsminister Erna Solberg talte i Bergen

I hovudprosesjonen i Bergen deltok også sju barn frå Nord-Korea, som er i Bergen i høve Festspillene i Bergen.

På Finse har det i dag vore flygelkonsert, der pianisten Geir Botnen spelte klassisk musikk på eit flygel ute i det fri.

Flygel på Finse

KONSERT: På Finse var det flygelkonsert ute i det fri.