Hopp til innhold

Fem menn sleppt fri etter taxi-vald

Dei fem mennene som er mistenkt for vald mot ein taxisjåfør, er sleppt fri av politiet.

taxivald

– Dei er sleppt fri av oss fordi det samla sett vil vera eit urettmessig inngrep å halde dei i arresten, seier jourhavande politiadvokat Line Skjengen til Bergens Tidende søndag.

Mennene vart sleppt fri laurdag kveld. Ho presiserer at dei fem framleis er sikta for valden mot ein taxisjåfør før helga.

Det var natt til fredag at taxisjåføren vart sendt blodig og forslått til Haukeland sjukehus, etter at han skal ha blitt slått i bakken ved Nestunsenteret.

Slått med stein

Han har forklart politiet at han vart overfallen av mennene etter køyreturen. På veg frå sentrum skal han ha blitt truga fleire gonger av passasjerane.

Til BT fredag fortalde han at då han stoppa bilen stakk alle av, men ein snubla og fall. Ifølge taxisjåføren skal han ha prøvd å hjelpa denne personen opp på beina, då ein av mennene kom tilbake med ein stein i handa. Meir hugsar han ikkje.

- Han var svært oppbrakt då han melde frå til oss. Då vi kom til staden var han blodig i ansiktet, sa operasjonsleiar Morten Kronen til NRK fredag.

Politiet rykka ut med hundepatrulje og spora etter kort tid opp dei fem ungdommane i 20-åra.

Uklart kva som har skjedd

Politiet seier det er uklårt kva som har skjedd.

– Det har vore ei usemje mellom sjåføren og minste ein av passasjerane. Nokon av dei involverte vil ikkje forklara seg medan andre nektar for å ha noko med dette å gjera, avsluttar Skjengen til BT.

Saka vert etterforska vidare.