Hopp til innhold

Slaps, snø og kø stoppar Posten

Det noko spesielle maivêret skapar problem for Posten. Usikkert om alle får posten fredag.

Saktegåande kø på E39 over Vallaheiane

STENGD: E39 over Vallaheiene var stengt fredag morgon, etter store køproblem. Dette merkar òg dei som skal ut med posten.

Foto: Jenny Duesund / NRK

Snøkaos i Sædalen

AV VEGEN: Mange bilistar hadde vanskar med å komma seg fram i bergensområdet fredag morgon.

Foto: Marius Tengs Johansen

Frode Fyllingen i Posten

USIKKER: Regiondirektør Frode Fyllingen er usikker på om dei får ut posten til alle.

Foto: Håvard Wien / NRK
– Snøvêret gjer at me slit med å få ut posten til kundane våre i bergensområdet, seier Frode Fyllingen, regiondirektør i Posten Norge AS.

Fredag morgon stod trafikken i store delar av bergensområdet. Frå heile Hordaland vart det meldt om store trafikkproblem. Mange hadde tatt seg ut på vegane med sommardekk, noko vegvesenet frårår på det sterkaste.

Verst i Fana, Sotra og Askøy

Køproblema skapar problem for postomberinga i store delar av Hordaland.

– I Fana, Sotra og Askøy har snøvêret skapt store problem. Mange av folka våre har i tillegg hatt store vanskar med å komma seg på jobb grunna trafikkaos, fortel Fyllingen.

Tvilar på at alle får post

Posten er tvilar på om dei greier å få ut all posten fredag. Reknar med at alle i Hordaland skal ha fått posten sin i løpet av laurdagen.

– Me håpar å komma os à jour innan i morgon, seier regiondirektøren.