Hopp til innhold

Slagsmål fleire stader i fylket i natt

– Folk vert hissige i helgene, fortel politiet.

Slåstkampar i Hordaland

Det har vore ei heftig natt for Vest politidistrikt.

Fire personar har hamna i drukkenskapsarrest, og tre er sett i varetekt.

Dei fleste meldingane handlar om slåstkampar, og det er heldigvis meldt om få personskadar.

– Natt til laurdag og søndag er det ofte bråk på byen, så dette er ikkje noko nytt, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Gjekk til åtak med hammar

Kolltveit opplyser at det mest alvorlege som skjedde i natt, var at ein mann i 20-åra ringde frå eit gatehjørne på Møhlenpris og fortalde at han og ein kamerat var slegne ned.

Kameraten hadde blitt slått i hovudet med ein hammar i ei leilegheit i nærleiken.

– Skadeomfanget er ukjend, vi veit ikkje noko meir enn det. Begge vart sende til akuttmottaket på Haukeland, fortel Kolltveit.

Laster Twitter-innhold

Fann blod i leilegheita

Då politiet kom til staden fann dei ganske riktig dei to mistenkte, ein mann i 40-åra og ei kvinne i 20-åra i ein bustad i nærleiken.

Dei to er no sett i varetekt.

– Begge dei to mistenkte er kjende for politiet, men vi er usikre på relasjonen mellom dei fire, fortel Kolltveit.

Då politiet undersøkte leilegheita, fann dei den blodige hammaren, og det var også blod i bustaden.

– Vi veit ikkje noko om bakgrunnen for valden, seier Kolltveit.

Laster Twitter-innhold

Mange slåstkampar

I tillegg til hendinga på Møhlenpris, var det amper stemning også andre stadar natt til søndag.

Politiet har fått fleire meldingar om menn som har laga bråk på ulike utestadar i Bergen sentrum. Dei fleste vart tekne hand om av politiet.

Klokka 00.46: Ein 25 år gammal mann oppsøkte legevakta med kuttskadar etter å ha fått kasta eit ølglas i andletet på Ole Bull Scene i Bergen sentrum.

Klokka 00.57: På Lofthus i Hardanger hamna mellom tre og fire personar i slåstkamp på Ekspedisjonen pub. Vaktene på staden fekk kontroll på situasjonen, og ingen vart skadde.

Klokka 02.24: Fleire personar hamna i slåstkamp på Lindås brygge i Nordhordland. Politiet fekk etter kvart kontroll på to personar som stod for mesteparten av bråket. Ein person vart send til legevakt i ambulanse med skadar i andletet.

Klokka 02.56: Politiet fekk meldingar om slåsting ved Trekroneren i Kong Oscars gate i Bergen sentrum. Ein 25 år gammal mann hadde blitt skalla til og blødde frå nasen. Gjerningspersonen er ukjend. Mannen vart send til legevakt, og forholdet vert meld til politiet.

Klokka 02.57: Ein innringar hadde observert ein mann som blødde frå andletet i Bryggesporen i Bergen. Mannen fortalde at han hadde blått slått ned. Han vart fylgd til legevakt.

– Det har vore ampert, men heldigvis ikkje alvorleg. Vi er vane med slikt, fortel Kolltveit.