Normal

Skulptøren vil la den halshogde statuen stå til spott og spe

Kunstnar Odin Øistad ville reparere den ramponerte minnestatuen av Fartein Valen, men innser at skadane er for store. – Skulpturen skal stå til skrekk og åtvaring.

Odin Øistad ved Fartein Valen-statue

FORTVILA: Saman med Sveio-ordførar Jorunn Skåden og styreleiar i Fartein Valen-stiftelsen Gunnar Johan Løvvik (til venstre) var bilethoggar Odin Øistad i Sveio denne veka for å sjå på skadane etter ramponeringa.

Foto: Daniel DeNiazi / Sveiobladet

Det var ein tilfeldig forbipasserande som først oppdaga at minnestatuen av komponisten Fartein Valen hadde mista hovudet natt til sundag.

Statuen blei avduka og opna utanfor Sveio rådhus i Hordaland for berre eitt år sidan, då den avdøde komponisten blei hylla i samband med at hans tidlegare heim i Valevåg blei gjort om til museum.

Då ein politipatrulje kom til staden var det lause hovudet blitt plassert tilbake på kroppen.

Fartein Valen

FARTEIN VALEN: Valen hadde ei høgare stjerne som komponist i Europa enn i Noreg, men ble etterkvart respektert også her heime.

Foto: NTB / NTB scanpix

Sjokkert

Statuen er laga av kunstnaren Odin Øistad og blei avduka under Fartein Valen-festivalen i fjor. Biletkunstnaren var forferda då han denne veka tok den halshogde statuen nærare i augesyn.

– Det er mykje verre enn frykta, seier Øistad til NRK.

Politiet har bede om tips etter at fire ungdomar blei observert i området i det aktuelle tidsrommet. Øistad er sjokkert over innsatsen som er lagt ned for å øydelegga kunstverket.

Det verste er at nokon har gått inn for å bevisst øydelegga noko som er til heider for ein flott komponist og til glede for samfunnet.

Odin Øistad, billedkunstnar

Skulptøren er overtydd om at steinhovudet er blitt utsett for minst fire harde slag.

– Slik eg ser det er det truleg at nokon har slått inn skulpturen med steinar dei har funne i nærleiken. Eg forstår det ikkje.

Fartein Valen statue

HALSHOGD: Statuen blei gitt som ei gåve til Sveio kommune i fjor. No er steinstatuen utan hovud.

Foto: Daniel DeNiazi

Han hadde håp om å kunna setja hovudet på plass ved hjelp av bolt og lim, men ser at det ikkje lét seg gjera.

– Her er det mykje større skader enn eg trudde. Knust nase, knuste øyre og ein del skader på augo. I og med at dette er eit stein, er det ikkje råd å berre laga ein ny del, seier Øistad.

Arbeidet tok nesten to år

Det tok kunstnaren halvtanna til to år å ferdigstilla kunstverket. No er målet å ta til på eit heilt nytt verk.

– Målet er få gjort det så fort som mogleg, men det må skje mellom andre oppdrag. Det vil truleg ta minst halvtanna år.

I mellomtida insisterer kunstnaren på at skulpturen skal stå slik han er i dag.

– Til skrekk og åtvaring for kva enkelte kan gjera, og som eit symbol på eit grovt hærverk.

Odin Øistad

Sveio-ordførar Jorunn Skåden (Ap) synest det er tøft at kunstnar Odin Øistad vil setja i gong eit nytt Fartein Valen-prosjekt. – Det kan ikkje vera lett etter å ha jobba med verket i så lang tid.

Foto: Daniel DeNiazi / Sveiobladet

Ordførar: – Vurderer å dekka statuen til

Skulpturen var ei gåve frå kunstnaren og Haugesund Sparebank til Sveio kommune. Ordførar Jorunn Skåden kallar episoden tragisk, og seier dei vil lytta til kunstnaren sitt ynskje om å la statuen stå.

– Me ville dekka statuen til, men Øistad er klar på at han ynskjer at statuen står slik. Me får sjå det litt an, blir det for ubehageleg må me kanskje dekka han til, seier Skåden.

Ordføraren opplyser at sparebanken gav 200.000 kroner til ferdigstillinga av statuen. I tillegg gav Øistad kommunen eit sjenerøst tilbod.

– No blir dette ei forsikringssak. Kommunen skal finna ut kor mykje som blir dekt. Statuen er uansett verdt mykje meir enn gåvesummen.