Skogbrann i Sveio

Eit mål med skog er skadd etter at det braut ut skogbrann ved Gullvegen ved Sveio like etter klokka tre i natt. – Det brann godt, men såg litt meir kraftig ut enn det eigentleg var. Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen, og klokka 03.43 var den heilt sløkt. Det var om lag 200 meter til næraste busetnad, men ikkje fare for at brannen skulle spreie seg, seier vaktsjef Kari Rørtveit i Sør-Vest politidistrikt. Politiet veit førebels ikkje korleis brannen starta.