Skal tole 200-årsflaum
Opo-elva i Odda er sikra for 70 millionar kroner etter at flaum tok fem hus, ein buss og ein garasje hausten 2014. Noregs vassdrags- og energidirektorat meiner sikringsarbeidet skal bli ferdig før sommaren neste år. – I mai-juni vil vi levere anlegget til kommunen, seier Brigt Samdal i NVE.