Hopp til innhold

Skal sende 30 timar med Grieg minutt for minutt

Det heile starta med ein idé på Facebook. No blir det til ein enorm produksjon på NRK.

Bergen Filharmoniske Orkester

#NRKGRIEG: Bergen Filharmoniske Orkester, saman med KORK, skal stå for den spesielle maratonsendinga.

Foto: Ragnhild Osnes Olsen / NRK

15. juni i år kan alle få med seg heile rekka av alle Edvard Grieg sine nummererte verk.

Det heile starta som ein idé i ei Facebookgruppe om å sende heile den såkalla opuslista på 74 nummer.

No engasjerer både Bergen Filharmoniske Orkester, Kringkastingsorkesteret og Edvard Grieg Museum Troldhaugen seg i den enorme produksjonen som skal synast på NRK2.

Det skjer i samband med at den verdskjente komponisten fyller 175 år i år.

– Dette er ei stor utfordring, men det vert veldig kjekt. Mange spør kvifor vi ikkje har gjort dette før, fortel Sigurd Sandmo, direktør for komponistheimane ved Kode-musea i Bergen.

Edvard Grieg ved klaveret

175 ÅR: Den 15. juni, på Edvard Grieg sin bursdag, kan sjåarar få med seg den 30 timar lange konserten.

Foto: Edvard Grieg Museum Troldhaugen

Folkefest på Troldhaugen

Sendinga skal gå føre seg frå Grieghallen, NRK sitt studio på Marienlyst i Oslo, og Edvard Grieg sin eigen heimplass, Troldhaugen.

– Dette er den største produksjonen vi har hatt i Bergen med Grieg sin musikk. Truleg vil det ta om lag 30 timar, seier Sandmo.

Sigurd Sandmo

LOVAR FOLKEFEST: Direktør for komponisthjemmene ved KODE, Sigurd Sandmo, lovar å halde ope på Troldhaugen natt til 16. juni 2018.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRk

Han lovar at det vert ein stor folkefest på Troldhaugen.

– Det meste vil skje inne, men vi håpar vêret er slik at vi kan spele noko av musikken ute. Vi kjem til å halde ope heile natta, med open kafé og suppekjøkken. Det heile skal vere gratis, og vi skal ha storskjermar ute slik at folk kan sjå herfrå også.

Lagar sovesalar i Grieghallen

Også i Grieghallen lovar dei å leggje til rette slik at folk kan nyte dei nattlege konsertane på best mogleg vis.

– Vi gjer Peer Gynt-salen om til sovesal slik at folk kan ta med seg sovepose, og det vil bli servert nattmat, fortel administrerande direktør i Bergen Filharmoniske Orkester, Bernt E. Bauge.

Han håpar sendinga vil gjere at fleire opnar auga for Griegs musikk.

– Dette vert ein flott manifestasjon over norsk orkesterkultur, norsk musikkliv og det vil vise folket kva Edvard Grieg sin musikk faktisk kan by på, seier han.

Edvard Griegs hjem på Troldhaugen

TROLDHAUGEN: Ein del av musikkstykka vert framførte på Troldhaugen, Edvard Grieg sin heim.

Foto: Edvard Grieg - museum Troldhaugen

– Soundtracket til Noreg

Prosjektleiar Thomas Hellum i NRK fortel at sjåarane kan få med seg sendinga på to måtar:

– Anten kan ein sitje framoverlent og lære om Grieg sitt liv, eller så kan ein lene seg tilbake og nyte den vakre musikken. Dette er jo soundtracket til Noreg, seier han.

Sendinga føyer seg inn i rekka av sakte-TV-produksjonar i NRK.

Desse har vist seg å bli svært populære, og i 2011 sprengde Hurtigruten minutt for minutt alle sjåarrekordar.

Heile 3,2 millionar nordmenn fekk med seg delar av sendinga.