Hopp til innhold

Skal rydda opp i Nygårdsparken

Ny ryddepatrulje skal fjerna brukte sprøyter og anna boss i Nygårdsparken to gonger i veka.

Sprøyter i Nygårdsparken
Foto: Grim Berge / NRK

Byrådet fann denne veka ein halv million kroner til strakstiltak i Nygårdsparken. Bakgrunnen er at naboar og andre har slått alarm om aukande forsøpling, som følgje av at parken er tilhaldsstad for mange narkomane.

SJÅ VIDEO: Vil ha opprydding i narko-park

I ettermiddag blei det kjent korleis pengane skal brukast:

  • Ny ryddepatrulje skal rydda i parken to gonger i veka
  • Straxhuset og Utekontakten skal gå saman om sporadiske ryddeaksjonar i og utanfor parken
  • Eit innleigd firma skal rydda på vegane rundt Flagghaugen inntil tre dagar i veka

- På kort sikt er det no behov for å få tatt ei skikkeleg opprydding, og det er vi i gang med, seier byråd Liv Røssland i ei pressemelding.

I tillegg vil byrådet etablera ei arbeidsgruppe for å finna varige løysingar på forsøplingsproblemet i parken. Både brukarar, kommunen og velforeninga skal vera med i arbeidsgruppa.

- Det er uaktuelt å flytta dei narkomane frå parken. Det er likevel viktig at vi sørger for at også andre kan ha glede av den flotte parken, meiner Liv Røssland.

Nygårdsparken

RYDDAR OPP: Fleire nye tiltak skal halda Nygårdsparken ryddigare.

Foto: Grim Berge / NRK