Hopp til innhold

Skal kontrollera bilistane i Bergen

Frå klokka 09.00 vil politiet i samarbeid med vegvesenet kontrollera at folk følg påbodet om datokøyring i Bergen sentrum. – I går overvaka me bilkøyringa og registrerte at fleire ikkje følgde påbodet. Så i dag kjem me til å ha kontrollar rundt om i Bergen, og skriva ut bøter til dei som ikkje har lov å køyra, seier politioverbetjent Atle Heradstveit i trafikkseksjonen ved Bergen sentrum politistasjon.