NRK Meny

Skadeomfanget ukjend for 13-åring

Politiet kan ikkje seia noko om skadeomfanget til 13-åringen som vart skadd i ei motocrossulukke i Kvinnherad laurdag ettermiddag. Guten skada ryggen då han landa skeivt etter å ha hoppa med køyretøyet. Hendinga gjekk føre seg på eit godkjend og lukka anlegg. – Guten vart først køyrd til legevakt før han vart køyrd til Stord sjukehus av foreldra sine, opplyser operasjonsleiar Morten Rebnord.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.