Hopp til innhold

Sjukeheimar herja av Norovirus

Ei kraftig omgangssjuke har herja på fleire sjukeheimar i Bergen dei siste 14 dagane. Det skriv Bergens Tidende. – Dette er det årlege utbrotet. Viruset er svært smittsamt, seier Rune Eidset, spesialrådgjevar i etat for alders og sjukeheim i Bergen kommune til avisa.