NRK Meny
Normal

Må sikre bygget på få veker

Eigar av den samanraste sjøbua i Bergen må innan kort tid kome i gang med sikring. – Me har ris bak spegelen om det ikkje skjer, seier fylkeskommunen.

Sjøbu som raste saman laurdag 5. juli

STÅR URØRT: Slik ser det ut på den samanraste tomta i dag. Bygningsrestane som raste ut er henta opp frå sjøen og ligg no på kaia ved bua.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Det er heilt openbert at dei sikringstiltaka som har blitt gjort ikkje har vore tilstrekkeleg, seier Ronny Skaar

Han som er seksjonsleiar for kunst og kunstformidling i kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune etter møtet. Fylkeskommunen kalla i dag inn eigaren av eigedomen til møte for å få svar på kva som skjer med bygget.

– Når eit kulturminne rasar ut på den måten så talar det for seg sjølv, seier han til NRK.

Den freda sjøbua kollapsa i helga, og skadane på dei ikoniske bygningane i Bergen hamn har fått mange til å reagere.

Måndag morgon er det enno ikkje noko gjort med bygningen, og den står ikkje tildekt etter kollapsen i helga.

Fekk fleire fristar

I møte om sjøbu: Ronny Skaar, David Sandved, Nils Olaf Elvsaas

I møte om sjøbu: Ronny Skaar, David Sandved, og Nils Olaf Elvsaas frå Sjøbodutvikling AS.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Etter møtet seier Skaar at det er sett opp fristar for eigarane av sjøbua.

– No har me konkludert med å setje opp nokre tidsfristar for det vidare arbeidet som eigar må gjere, seier han til NRK.

– Det er to ledd der det første dreiar seg om akutt sikring, og det andre dreiar seg om oppstart av endeleg istandsetjing, legg han til.

Her er fristane eigar Sjøbodutvikling AS må ta omsyn til.

  • Arbeidet med å sikre bygningen må starte seinast måndag 14. juli.
  • Sikringa må vere ferdig innan 25. juli.
  • Seinast 1. november skal arbeidet med varig istandsetting vere i gong.

– Kva gjer du viss dette ikkje er tilfellet?

Då har me ris bak spegelen i kulturminneloven som gir oss høve til å gjere det sjølv, på eigar si rekning, seier Skaar.

– Jobbar med å skaffe folk

Medeigar Nils Olaf Elvsaas seier at det no gjeld å få tetta bygget, og at eigarane har prøvd å få tak i folk til å gjere jobben.

Nils Olaf Elvsaas

VANSKELEG: Nils Olaf Elvsaas i Sjøbodutvikling AS seier dei jobbar med å finne folk til å fikse sjøbua.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

– Me har jobba med å få fatt i folk. Det er midt i verste ferietid, så det i seg sjølv er ein liten utfordring, seier Nils Olaf Elvsaas etter møtet.

– Det har me ei løysing på no, og dei vil vere i gang frå måndag, legg han til.

Jobbar med vedtak

Kommunen deltok ikkje på møtet, men har informert fylkeskommunen om at dei vil prioritera denne saka og søknader om rammeendring og byggjeløyve.

Sjøbua som ligg i Sandviken raste saman laurdag føremiddag. Ingen var inne i bygget då det skjedde, men store delar av bygget hamna i sjøen.

Bygget var freda, og byantikvar Johanne Gillow uttalte til NRK at det som skjedde truleg er miljøkriminalitet.

I helga uttalte fylkeskommunen at dei måndag ville fatte eit vedtak etter kulturminnelova om sikring på tomta. Eit slikt vedtak vil gje myndigheitene moglegheit til å utbetre bygget på eigarane si rekning.

– Me jobbar med å skrive dette vedtaket og vil ha det klart til møtet klokka 11.00, seier fungerande konservator David Sandved til NRK.

Mange reaksjonar

Etter at bygget raste saman har det kome mange reaksjonar, blant anna frå seniorrådgjevar Tryggve Fett ved Bymuseet i Bergen, og Anders Haaland sit i styret i Bergen kulturhistoriske museum.

Torstein Dahle i Rødt har i eit brev oppmoda byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen, Fylkeskonservatoren i Hordaland og Riksantikvaren om å politimelde leiing og eigarar i Sjøbodutvikling AS for miljøkriminalitet.

– Det er eineståande byggverk, så det at dei berre forfell og rasar saman på denne måten her er heilt horribelt, sa han til NRK i helga.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Norge nå er et direktesendt show fra hele landet.
Programleiar: Jan Børge Leirvik