Hopp til innhold

Sjarmfri E39

HALHJEM-SANDVIKVÅG (NRK): Ein ferjetur kan gje ro og sjelefred, men hovedsambandet i fylket byr meir til stress og høg puls.

Halhjem-Sanvdvikvåg2

TRILLINGAR: MF «Bergensfjord», MF «Fanafjord» og MF «Rauefjord» er identiske og trafikker strekninga med ein marsfart på 20 knop.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Trykk på pilane og naviger deg rundt på ferja og kaia!

I sommar kan du vere med på alle dei 19 ferjeturane i fylket.

Det er lite spanande å sjå mellom Halhjem og Sandvikvåg. Heller ikkje kaiane er bygd for at folk skal kose seg der.

Oddgeir Øystese

I dag er det ferjestrekninga Halhjem-Sandvikvåg MF «Fjon-M» som står for tur. Dei resterande 14 ferjestrekningane vert evaluerte fortløpande.

Halhjem Sandvikvåg

Mannskapet på det desidert største sambandet i Hordaland innrømmer at dei vert lei av å køyre ferje. Dei har to veker i strekk om bord, og brukar mesteparten av tida på å jobbe eller sove.

Overstyrmann Karl Martin Valestrand viser oss rundt i mannskapsområdet på MF «Fanafjord». I etasjane over salongen har dei ein kjøkkenkrok, treningsrom og ei fjernsynsstove.

– Det er kanskje ikkje den aller mest koselege ferja. Men vi jobber uansett 12 timer dagen. Mesteparten av fritida søv vi.

Håper på dårleg ver

Valestrand innrømmer at dei vert lei av å krysse Bjørnefjorden. Mannskapet på 14 har ofte litt andre ønsker enn dei fleste passasjerane.

– Det er litt meir spannande når det er dårleg ver. Då skjer det i alle fall noko, seier overstyrmannen.

Sambandet er i drift i all slags ver. Sidan gassferjene kom i 2007 har det berre vore stopp i åtte timer.

Dette meiner NRK om Halhjem-Sandvikvåg

Overfart og kaiar: 4 Det er lite spanande å sjå mellom Halhjem og Sandvikvåg. Ein og annan gard på avstand på Reksteren. Eit skip på veg mot Langenuen. Eit oppdrettsanlegg. Heller ikkje kaiane er bygd for at folk skal kose seg der.

Fartøy: 6 Tre identiske gassferjer trafikkerer strekninga med ein marsfart på over 20 knop. Du kjem deg raskare fram enn du gjorde før. Dei er svære og effektive, men totalt blotta for sjarm. Salongen er ukoseleg og lydnivået kan bli høgt på travle dagar. Ein fergetur kan gje ro og sjelefred, men hovedsambandet i fylket byr meir til stress og høg puls.

Oddgeir Øystese

UROLEG: Hovedsambandet i fylket byr meir til stress og høg puls.

Service og fasilitetar: 5 Toalett- og kiosk-kø er vanleg. Maten er sørgeleg overprisa. Rett nok er det eit større utval her enn på dei andre fergene. Og kaffien har eit akseptabelt nivå, godt over snittnivået på fergekaffe.

Halhjem-Sanvdvikvåg2

TRILLINGAR: MF «Bergensfjord», MF «Fanafjord» og MF «Rauefjord» er identiske og trafikker strekninga med ein marsfart på 20 knop.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Nostalgi og oppleving: 3 Europavegsferga får to plussar. Ein for at det er fascinerande å sjå kor mange biler det er plass til om bord og korleis dei vert skufla på. Det andre for dei små modellfergene som står i salongen.

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks

Totalt 18 (av 40)

PS: Halhjem-Sandvikvåg er det tredje mest trafikkerte sambandet i landet bak Horten-Moss og Mortaviga-Arsvågen.