NRK Meny
Normal

Sjå bileta frå maraton-festen

Ny deltakarrekord då Bergen City Marathon gjekk av stabelen for tredje gong.

Bergen City Marathon

Foto/redigering: Dag Harald Kvammen Andersen

Bergen City Marathon startstrek

SPENT STEMNING: Kort tid før start klokka 08.00 var stemninga til å ta og føle på i Bergen sentrum, Bryggen. Årets marathon har rekordmange påmelde.

Foto: Dag Harald Kvammen / NRK
Drikkestasjon

DRIKKESTASJON: Løparane fekk drikke og energirik mat på Haraldsplass.

Foto: Haraldsplass diakonale sykehus
Kjerstin Fyllingen og Karin Bengtsson

SJEFEN: Kjerstin Fyllingen, direktør på Haraldsplass, saman med Karin Bengtson.

Foto: Haraldsplass diakonale sykehus
Haraldsplass

SÅRHJELP: Sju løparar fekk medisinsk assistanse.

Foto: Haraldsplass diakonale sykehus

Klokka 08.00 laurdag morgon gjekk det tredje Bergen City Marathon av stabelen. Startskotet gjekk på Bryggen i Bergen, der rekordmange hadde møtt opp til start.

På Haraldsplass diakonale sjukehus hadde dei sett opp gnagsårstasjon.

Karin Bengtson hadde kledd seg i ein sjukepleiaruniform frå 70-talet, og totalt fekk sju maratonløparar hjelp ved stasjonen.

I tillegg var fleire tilsette og frivillige møtt opp for å dele ut mat og drikke til maratonløparane og skape god stemning ved drikkestasjonen.

Nøgd arrangør

Arrangementssjef Halvdan Haukeland i Bergen City Marathon var særs nøgd med at det er fleire påmelde enn nokon gong før til årets løp.

– Vi har store forventningar! Byen skal fyllast med glade mosjonistar, og vi satsar på at dette blir den folkefesten vi ønskjer oss.

Både heil- og halvmarathon

Sjølv om dei aller sprekaste altså starta dagens løp klokka 08.00, går eit nytt startskot klokka 10.00. Då er det duka for start for dagens halvmarathon, som altså "berre" er på 21 km.

Løypekart, video, oppdatert informasjon og andre praktiske opplysningar finn du på Bergen City Marathon sine eigne sider.

Venta trafikktrøbbel

På grunn av løpet er Bryggen stengt for all trafikk mellom klokka 05.00 og klokka 15.00 laurdag.

I tillegg er fleire bussruter endra eller forseinka, og ein må rekna med endringar dersom ein skal ta buss i sentrum.

Full oversikt over ruteendringane finst på Skyss sine eigne sider.

Oppvarming halvmarathon

FELLES OPPVARMING: Det var svært så folksomt på Bryggen då deltakarane til halvmarathon varma opp i tida før start klokka 10.00 laurdag.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK
Startstreken Bergen City Marathon

START OG MÅL PÅ BRYGGEN: Det er Bergens historiske sentrum Bryggen som er både start- og mål for dagens løp. Det betyr blant anna at busstrafikken over Bryggen uteblir.

Foto: Dag harald Kvammen Andersen / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.