Hopp til innhold

Opp mot 600.000 besøkande på Tall Ships Races - sjå avslutninga her!

Mellom 500.000 og 600.000 menneske deltok på skutefesten i Bergen denne helga.

Fyrverkeri på Tall Ships Races

UT MED EIT SMELL: Her kan du sjå avslutninga på Tall Ships-festen filma frå eit dronehelikopter. Foto: Tall Ships Races Bergen / Feber film / Roto Cinema

Haakon Vatle

NØGD: Prosjektleiar Haakon Vatle er letta og nøgd med dei høge publikumstala.

Foto: NRK

– Vi er svært nøgde med tala. Det kokte i Bergen, og det var det vi ønskte, seier prosjektleiar Haakon Vatle.

Han trur årsaka til at tala blei så høge er at mange fann vegen til Tall Ships Races allereie på torsdag.

– Normalt sett så aukar tala mot helg, men her var det fullt liv heilt frå starten, seier prosjektleiaren.

Letta over suksessen

Både Vatle og resten av komitéen er letta over at arrangementet har gått bra.

– Det er klart at vi er letta. Eg er så takknemleg og nøgd med arrangementet. Det er steike mykje bra folk i Bergen som har vore med på å få det til, seier Vatle.

I dag tar han ein pust i bakken etter dei hektiske dagane.

– Akkurat no sit eg med beina på bordet på verdas skitnaste festivalkontor. I dag trur eg ikkje det blir gjort så mykje, ler Vatle.

– Terrortrugsmålet låg i bakhovudet

Torsdag kom meldinga om at Norge hadde blitt truga av terror. Eit av dei stadane som blei nemnt som potensielle mål var akkurat Tall Ships Races i Bergen.

– Det var ikkje ein perfekt start på festen akkurat. Eg var veldig glad for at vi allereie hadde utarbeida ein kriseplan i tilfelle noko slikt skulle kome opp, seier Vatle.

Både politi, brannvesen, sjøforsvaret og kystverket har tatt del i planlegginga av Tall Ships Races og var førebudd på ein slik situasjon, fortel prosjektleiaren.

– Vi har brukt eit og eit halvt år på å planlegge dette, men likevel låg trugsmålet i bakhovudet heile helga, seier Vatle.

Skryt frå politiet

Også politiet kjem med lovord om arrangementet. Trass i dei enorme folkemengdene har dei hatt lite å gjere på.

– Det har vore stille og roleg for oss reint ordensmessig, fortel operasjonleiar i politiet, Morten Kronen.

Politiet var lette å sjå i Bergen sentrum denne helga. Årsaka var terrortrugsmålet mot Norge, som førte til auka beredskap i byen.

– Folk har oppført seg svært bra på alle måtar. Det verkar som dei besøkande var interessert i å få med seg arrangementet og ha det kjekt, seier Kronen.

Han fortel at svært få har måtte overnatte i fyllearresten i løpet av helga.

– Iallefall med tanke å kor mykje folk som har vore i byen. Erfaringsmessig går store arrangement i Bergen sentrum fint føre seg, trass i at det er snakk om mange mennesker på små geografiske områder, fortel Kronen.