Hopp til innhold

Kulturminne må vika for mastene

Miljøverndepartementet gjev medhald til Statnett i den aller siste klaga i kraftmast-utbygginga i Hardanger.

Mast i Kvam

ENDELEG JA: Statnett har venta lenge på svaret frå Miljøverndepartementet. Denne veka kom svaret, som er dårleg nytt for Riksantikvaren.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Miljøverndepartementet har rydda vekk det aller siste hinderet for kraftmast-utbygginga i Hardanger. Ein klage frå Riksantikvaren vert denne veka avvist.

Klaga omhandla mastepunkt som kom i konflikt med kulturminne, og var dei siste uavklarte punkta i Statnett si massive utbygging av Sima-Samnanger-linja.

Departementet overstyrer Riksantikvaren

Miljøverndepartementet meiner kraftlinja og driftstryggleik er viktigare enn kulturminna. Med det slepp Statnett å lage kostbare og nye planar.

Riksantikvaren protesterte i juli på mastepunkta som skulle byggjast i to verna område i Kvam og Ulvik, og nekta Statnett å byggja i den planlagde traseen. Statnett svarte med å klaga på avgjerda i haust.

Steinar Bygdås

NØGD: Prosjektleiar i Statnett, Steinar Bygdås.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

No er fylkeskonservator i Hordaland, Per Morten Ekerhovd, skuffa over at Miljøverndepartementet lytta til klagen.

– Dette er ei sak som sett utbygging av strøm opp mot bevaring av eit landskap med veldig høg verdi. At dette vert sett så til de grader til side, kan vi ikkje vera nøgd med, seier han til NRK.

Siste hinder av 30 område

Etter å ha gjeve konsesjon frå kulturminnelova i nesten 30 andre område, var dette det einaste punktet Riksantikvaren nekta å gje seg på.

Avgjerda vert i går sendt frå departementet til Statnett. Prosjektleiar i Statnett, Steinar Bygdås, er nøgd med gjennomslaget.

– Dette har vore ein lang og krevandre prosess, mot både fylkeskommune, Riksantivkaren og no til slutt Miljøverndepartementet. Vi er glad for at saka no har fått si endelege løysing, og at vi kan byggja leidningane i det området vi har fått konsesjon for, seier Bygdås.

Kunne ha gjeve dyr ombygging

Dersom Miljøverndepartementet hadde avvist klaga, måtte Statnett ha starta planlegginga av ein ny trasé. Det hadde medført nye konsesjonsrundar, noko som ville blitt ein tidkrevjande og kostbar prosess.

– Det ville ha kunne truga framdrifta vår, og kunne ha auka kostnadene for utbygginga. Men det kanskje viktigaste hadde vore at det hadde fått leidningane over i ein trasé som etter vår meining er mindre driftssikker, seier Bygdås.