Hopp til innhold

Set inn ekstra beredskap grunna stor skogbrannfare

Stor skogbrannfare i Sør- og Midt-Noreg i helga. – Folk må halde fyrstikkene i lomma, oppmodar brannvesenet.

Grasbrann ved Vikefjell på Husnes.

BRÅTEBRANN UTE AV KONTROLL: Det var mange grasbrannar i Hordaland fredag. Biletet er frå ein brann på Husnes i Kvinnherad.

Foto: Karen Kleppe / Kvinnheringen

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har laurdag valt å setje skogbrannhelikopteret som står stasjonert i Sauda i Rogaland i ekstraberedskap. Årsaka er stor skogbrannfare.

Yr sitt skogbrannvarsel viser at det er stor skogbrannfare i løpet av helga i store delar av Sør- og Midt-Noreg.

– Vi følgjer skogbrannindeksen tett, og ser at faren er aukande i dag. I morgon går vi opp i stort farenivå, seier vaktkommandør ved 110-sentralen i Hordaland, Helge Lund.

Oslo, Aust-Agder, Nordland, Troms og Finnmark er dei einaste fylka der det ikkje er varsla stor skogbrannfare i løpet av helga. I fem andre fylke er faren kategorisert som «meget» stor.

Med fint vêr, og mange folk ute for å nyte sola, håpar brannvesenet folk tek faren på alvor.

– Vi oppmodar folk til å vere veldig forsiktig med pølsegrilling og eingongsgrillar, og brenning av hageavfall, seier Lund.

Brannfolk ved i arbeid på fjellet i Mathopen

MATHOPEN: Brannfolk arbeidde med å sløkkja brannen i Mathopen.

Foto: Mette Anthum / NRK

Fire brannar på ein time

Frå søndag 15. april er det forbod mot open eld i Noreg. Samstundes set DSB inn skogbrannhelikopteret i ordinær beredskap i Sør-Noreg.

Men det har allereie vore fleire skog- og grasbrannar, og grunna varselet set dei altså inn ekstraberedskap laurdag.

Laurdag ettermiddag melder 110-sentralen om grasbrannar både i Os, Lindås og Jondal.

Fredag fekk 110-sentralen i Hordaland fire skog- og grasbrannmeldingar i løpet av ein time.

Ved idrettshallen i Mathopen hadde ungar leika med fyrverkeri. Det førte til ein brann som vart vanskeleg å sløkkja. Brannen spreidde seg opp mot fjellsida, og det var vanskeleg for brannvesenet å koma til.

– Hald fyrstikkene i lomma

Klokka 15.02 kom det meldingar om brann å Toftøyna i Øygarden. Det var lenge fare for at brannen skulle spreia seg, og flammane nærma seg eit hus på staden.

Klokka 16 melde Helge Lund hjå 110-vakta at dei heldt på med ettersløkking på staden. Brannvesenet valde også å dynka området med vatn. Til saman vart mellom fem og seks mål svide av i brannen.

Klokka 15.34 kom det meldingar om at eit bål var ute av kontroll på Frotaule på Radøy. Det brann også i ved idrettshallen i Mathopen i Bergen.

Samstundes måtte også brannvesenet i Kvinnherad rykkja ut til ein bråtebrann som var komen ut av kontroll rundt Vikefjell på Husnes. Her var det fare for at brannen skulle spreia seg til skog, men brannvesenet fekk etter kvart kontroll.

– Vi oppmodar folk til å halde fyrstikkene i lomma for å unngå ein slik ettermiddag vi hadde i går, seier Lund.