Hopp til innhold

Sensitiv info om 800 kundar sendt på epost

Ein alvorleg glipp gjorde at Sparebanken Vest sende ut ein e-post med sensitiv informasjon om over 800 kundar. – Vi legg oss langflate.

Lars Ove Breivik

BEKLAGAR: Sparebanken Vest i Fusa skulle berre sende ut reklame for barne- og ungdomsforsikring til ni kundar. Men ein alvorleg glipp gjorde at e-posten fekk feil vedlegg. Informasjonssjef Lars Ove Breivik legg seg flat.

Foto: Sparebanken Vest

Sparebanken Vest i Fusa skulle berre sende ut reklame for barne- og ungdomsforsikring til ni kundar. Men ein alvorleg glipp gjorde at e-posten fekk feil vedlegg.

I staden for reklame fekk dei ni kundane eit 51 siders langt dokument som ramsar opp 839 kundar i banken som ikkje har barneforsikring, skriv Bergens Tidende.

I lista står det oppført personnummer, kundenummer, namn, telefonnummer og adresse.

Legg seg flate

– Det er graverande. Eg er ikkje begeistra for at mitt personnummer blir tilgjengeleg for andre, seier ei dame som har snakka med BT. Ho var ein av dei som fekk e-posten med den sensitive informasjonen.

Informasjonssjef Lars Ove Breivik i Sparebanken Vest, beklagar feilen på det sterkaste.

– Det er særs beklageleg og vi legg oss flate. Her var det ein medarbeidar som skulle sende ut ein e-post, men menneskeleg svikt gjorde at feil vedlegg vart sendt ut, seier han til NRK.

Ba om sletting

Han fortel at då dei oppdaga feilen, tok dei kontakt med dei ni kundane som hadde fått meldinga i innboksen sin.

– Vi bad dei sletta e-posten dei hadde motteke frå oss. Eg har fått bekrefta at alle skal gjere det.

Korleis kan de vera sikre på at nokon av dei ikkje har sendt det vidare?

– Det kan me aldri. Men kundane har sagt at dei skal sletta den. Vi vel å stola på at dei gjer det.